skip to Main Content
Ledig  Stilling:  Administrerande  Direktør

Ledig stilling: Administrerande direktør

HMV Gruppa består av HMV Eigedom AS og HMV Voss AS som er morselskap i eit konsern med 3 dotterselskap; HMV Maskin AS, HMV Bilsenter AS og HMV Servicestasjon AS. Konsernet har ein årleg omsetnad på om lag 260 MNOK og talet på tilsette er ca. 80.

Er du klar for å ta ein leiande posisjon i eit selskap med stolte tradisjonar og evne til fornying?

Med ein forretningsidé definert med «stolte tradisjonar og ny næring» søkjer vi no etter ein topp motivert og samlande Administrerande direktør. Visjonen er at HMV skal vera leiande innanfor alle våre verksemdsområde og vår nye Administrerande direktør må ha fokus på leiing, strategi og forretningsutvikling for å utvikle konsernet i samsvar med dette.

Noverande dagleg leiar i HMV Voss AS ønskjer å pensjonera seg og vi søker hans etterfølgjar som Administrerande direktør i selskapet. Som Administrerande direktør i HMV Voss AS vil du ha det overordna ansvaret for konsernet sine verksemder og økonomiske resultat. Stillinga rapporterer til konsernet sitt styre.

Meir informasjon om stillinga kjem 26. januar 2018!

Ved spørsmål, kontakt ein av våre rekrutteringsrådgjevarar hjå Headvisor; Bjørn Horne tlf. 911 61 390 eller Janne Siri Horne tlf. 907 21 164. Kortfatta søknad med CV sendes innan 11. februar 2018. Om ynskjeleg vert henvendingar handsama fortruleg overfor oppdragsgjevar inntil anna vert avtala.

Søk på stillingen her
Back To Top